Nytt styre vart valt under årsmøtet tirsdag, men klubben står no utan leiar.

Berre litt over 20 av 200 medlemmar møtte opp på årsmøtet i Nordhordlandshallen tirsdag kveld. Årsmøtet gjekk utan dei store debattane. Etter mange år med solide overskot, gjekk klubben på eit tap på rundt 40 000 i fjor, mykje pga låg deltaking i Nordhordland Rundt. Dette vert dekka av oppspart eigenkapital.

Medlemstalet er igjen aukande, og aktiviteten jamt høg.

Marit Eldøy og Atle Vaage hadde på førehand varsla at dei ikkje tok attval til styret. Valkomiteen har jobba iherdig utan å finna nokon som vil ta på seg leiarvervet. Derimot vart det valt to nye styremedlemmar i Ørjan Erstad og Jan Roger Aasnes. Frå før består styret av Nichlas Marheim, Anita Skarpenes, og Christer Lieske. I tillegg har varafolka Terje Hilland og Anders Dalland møtt nærmast fast, sistnemnte er og leiar av ungdomsgruppa.

Det nye styret vil halda sitt konstituerande møte med det første. Deretter må det haldast eit ekstraordinært årsmøte, så sant det lukkast å finna ein kandidat til leiarvervet. Lukkast ikkje det, vil eit ekstraordinært årsmøte måtta handla om alternativ for å sikra vidare eksistens for klubben.