Fellestur 1. Mai

Fellestur 1. Mai

Det blir også i år felles lang tur 1. Mai.

Turen starter kl 08:30 fra parkeringsplassen på Flatøy, før Nordhorlandsbroen. Møt opp litt før for å være klar til halv ni. Det sykles til Os via Gullfjellet og tilbake til Flatøy over Fanafjellet.

Det er meldt fint vær og gode temperaturer så dette er en god anledning til å få mange gode mil i beina. 

Henie inviterer til Os rundt 1. mai

Tradisjon trur vert det Os rundt 1. mai. Eit forholdsvis kort turritt med høgt tempo og eit skikkeleg magadrag opp Fanafjellet. Arrangør er CK Henie. Følg linken her for påmelding.

 

Ekstra ordinært årsmøte tirsdag 28. mars

Som kjent stod klubben utan leiar frå årsmøtet. Det er med stor glede vi kan melda at vi no har fått ein solid kandidat til leiarvervet i Christer Lieske. Det vert difor kalla inn til ekstraordinært årsmøte tirsdag 28. mars.

Regelverket krev 14 dagars varsel for ekstraordinært årsmøte. For å unngå større møtebelastning enn nødvendig, vil det ekstraordinære årsmøtet bli halde i samband med den faste klubbspinninga hjå Studio Nor tirsdag 28/3 klokka 19.45. Val av leiar er einaste sak på dagsorden.

Dersom nokon skulle ønska å fremja andre kandidatar, eller har andre saker dei ønskjer handsama på ekstarordinært årsmøte, må desse sendast til Atle Vaage innan tirsdag 14. mars.

Det blir tur til Colorline Tour i år også.

 

Klubben inviterer medlemer til felles tur til Colorline Tour. Avreise blir Fredag morgen kl o830 på Knarvik Kai, retur er etter at aller kommet i mål på Hovden Lørdag.  Pris for buss blir 820,- enkelt rom 850,- pr pers. Pris dobbelt rom 995,- pr rom.

Klubben har reservert rom på Hotel Norge i Kristiansand. På melding til rittet gjør dere selv og velger pulje etter det som passer. Påmelding til buss og hotel gjør dere til christer.lieske@gmail.com . det er plass til 30 sykler på bussen og vi har reservert like mange sengeplasser. 1 mars er frist for påmelding, før vi åpner for påmelding fra andre klubber .

Faktura for medlemsskap kjem no

Sjå etter faktura for medlemskap for 2017.

Sportsadmin slit med dei tekniske løsningane for at klubben kan etablera faktura via "min idrett". Vi var lova at dette skulle vera på plass i løpet av førre veke, men dette har ikkje skjedd. Vi har difor bestemt oss for å senda ut giroane for 2017 via vårt rekneskapsfirma Accountor. Rekningane går ut i desse dagar, og Accountor vil også ha ansvaret for oppfølging/purring. 

NB: Medlemskap i klubb er nødvendig for å kunna løysa aktiv lisens. Klubben er pålagt å annullera aktive lisensar for utøvarar som ikkje betalar medlemskap.

 

 

Nytt styre valt, men klubben manglar leiar

Nytt styre vart valt under årsmøtet tirsdag, men klubben står no utan leiar.

Berre litt over 20 av 200 medlemmar møtte opp på årsmøtet i Nordhordlandshallen tirsdag kveld. Årsmøtet gjekk utan dei store debattane. Etter mange år med solide overskot, gjekk klubben på eit tap på rundt 40 000 i fjor, mykje pga låg deltaking i Nordhordland Rundt. Dette vert dekka av oppspart eigenkapital.

Medlemstalet er igjen aukande, og aktiviteten jamt høg.

Marit Eldøy og Atle Vaage hadde på førehand varsla at dei ikkje tok attval til styret. Valkomiteen har jobba iherdig utan å finna nokon som vil ta på seg leiarvervet. Derimot vart det valt to nye styremedlemmar i Ørjan Erstad og Jan Roger Aasnes. Frå før består styret av Nichlas Marheim, Anita Skarpenes, og Christer Lieske. I tillegg har varafolka Terje Hilland og Anders Dalland møtt nærmast fast, sistnemnte er og leiar av ungdomsgruppa.

Det nye styret vil halda sitt konstituerande møte med det første. Deretter må det haldast eit ekstraordinært årsmøte, så sant det lukkast å finna ein kandidat til leiarvervet. Lukkast ikkje det, vil eit ekstraordinært årsmøte måtta handla om alternativ for å sikra vidare eksistens for klubben.

Innkalling årsmøte Nordhordland SK

Årsmøtet vert i kantina i Nordhordlandshallen 21. februar 19.00.

Etter at den formelle delen av årsmøtet er over, vert det orientering frå styret, høve til spørsmål og diskusjonar om 2017 sesongen.

 

Sakliste:

1. Godkjenna dei som har stemmerett.

2. Godkjenna innkalling, sakliste og dagsorden.

3. Val av ordstyrar og referent, samt 2 medlemmar til å skriva under møteprotokollen.

4. Godkjenning av årsmelding

5. Godkjenning av rekneskap

6. Fastsetja medlemskontingent.

7. Godkjenning av budsjett for 2017

8. Innkomne framlegg

9: Val til styret (Valkomiteen sitt framlegg vert lagt fram i møtet)

10: Val av leiar

11: Val av valkomite:  (Styret sitt framlegg vert lagt fram i møtet)

12: Val av revisor

13: Eventuelt

 

Med venleg helsing

Styret

 

Oppdatering av medlemslista - nok ein gong

Hei!

Som dei som var på klubbkvelden sikkert fekk med seg, så jobbar vi fortsatt med å få oppdatert medlemslista i klubben.

Vi oppmodar alle som er medlem å sjekke at dei har betalt årets medlemsavgift!  Avgifta vert sendt ut pr mail og det er ein god del som har endra mailadresse dei siste åra, men glømt å varsle frå til klubben. Desse har difor ikkje fått giro frå oss i år. 

Vi oppmodar også ALLE medlemmane om å melde seg inn i klubben på ny. Dette er for Norges sykkelforbund har endra retningslinjer og dermed vil ha meir utfyllande informasjon på medlemslistane sine en kva vi har pr i dag.

Dette gjeld ALLE!

Du må ikkje betale ny medlemsavgift om du alt har betalt i år.

På førehand takk for hjelpa! 

Klubbkveld 22.november. OBS spinninga går ut!

Klubbkveld 22.november. OBS spinninga går ut!

Klubbkveld 22. november, sett av datoen!
Vi fører vidare tradisjonen med ein klubbkveld på den tida kor berre dei mest entusiastiske har ein sykkel mellom beina. Tirsdag 22. nov i Nordhordlandshallen 19.00. Sett av datoen allereie no, meir info om innhald kjem. Vi tar mellom anna opp interessa for Color Line og/eller tilsvarande turar neste år. Møt opp!

Det vert ikkje klubbspinning på Studio Nor denne kvelden