Nordhordland sykkelklubb har ei eiga ungdomsgruppe. Gutar og jenter frå 10-16 år er velkomne, vi har god plass til fleire!

I vinterhalvåret trenar vi inne i Nordhordlandshallen saman med Nordhordland Skiklubb, sommarhalvåret trenar vi ute under leiing av vaksne trenarar. Gruppeleiar er Anders Dalland. 

 


Oppmøte ved Dekkhuset på Ikenberget kvar mandag kl 18.00


Om det er nokon som ønsker å begynne å sykle, så har sykkelklubben 1 (2) syklar til utlån, så borna kan få prøve seg på sykkelen i lag med gruppa, uten at foreldra treng å investera i mykje utstyr før dei veit at dette er noke ungene trivst med. Det einaste dei treng er skikkeleg hjelm !

Av praktiske årsaker kan det vere greit å melda sin interesse til leiar av ungdomsguppa , Anders Dalland,  før ein stillar på trening første gong.

Kontaktinfo:

Anders Dalland
Tlf: 977 61 033
Epost : dalland80@gmail.com