Hei!
Som dei som var på klubbkvelden sikkert fekk med seg, så jobbar vi fortsatt med å få oppdatert medlemslista i klubben.
Vi oppmodar alle som er medlem å sjekke at dei har betalt årets medlemsavgift! Avgifta vert sendt ut pr mail og det er ein god del som har endra mailadresse dei siste åra, men glømt å varsle frå til klubben. Desse har difor ikkje fått giro frå oss i år.
Vi oppmodar også ALLE medlemmane om å melde seg inn i klubben på ny. Dette er for Norges sykkelforbund har endra retningslinjer og dermed vil ha meir utfyllande informasjon på medlemslistane sine en kva vi har pr i dag.
Dette gjeld ALLE!
Du må ikkje betale ny medlemsavgift om du alt har betalt i år.
På førehand takk for hjelpa!