Det nye styret har hatt sitt første møte. Styret har fordelt oppgåver, og drøfta litt uformelt korleis ein ønskjer å utvikla klubben vidare.

Vi forsøker å få i gang att sponsorarbeid, med Atle, Anita og Christer som ansvarlege.

Niclas tar ansvar for medlemslister, Marit heldt fram som kasserar. Terje og Anders vert varafolk med møterett i styret, Anders heldt og fram som leiar for ungdomsgruppa.

Blant tiltaka vi ønskjer å få gjennomført er felles treningar søndagane haust og vinter (basistrening), meir fastsett program for spinningtimane vinter, og moglegheit for treningsopplegg via log in på medlemssida.

Årsfesten i fjor var ein suksess, og vil bli sett opp att i byrjinga av oktober. Dato kjem…

Alle som har innspel til styret kan senda desse på mail til leiar eller andre av medlemmane.