Nordhordland sykkelklubb skal i samarbeid med Åsane CK arrangere KM fellesstart på Manger, søndag den 19.september. Starten for de yngste er kl. 09:00. M10 og K10-12 starter i Marås krysset og sykler via Kartveit til Manger sentrum hvor målgang er. M 11-12 og K 13-14 starter også i Marås krysset, men skal etter å ha passert Manger sykle en hel runde, for deretter å gå i mål i Manger sentrum. De øvrige klassene starter i Manger sentrum. Ved å klikke på linken under, kommer en inn på invitasjonen hvor en kan melde seg på.
Den enkelte syklist fra Nordhordland sykkelklubb som ønsker å sykle KM, må selv ta iniativ til å få meldt seg på, innen fristen.
Frist for påmelding er satt til den 12. september kl. 23:59.
PÅMELDING KM
18. til 20.sept. blei kretsmesterskapet på sykkel for alle klasser gjennomført, dessverre utan den heilt store deltakinga frå vår klubb. I aldersbestemte klasser hadde me kun med to gutar, Niklas Olsvoll i klassen M10, og Tore Andre Aase Vabø i klassen M11-12. For Tore Andre var dette andre gongen han prøvde seg i konkurransesamanheng, og han visste derfor litt om kva som venta. Nivået blant dei beste er bra, men det er på ingen måte avskrekkande avstand til toppen. Samtidig ser vi at bredden er liten, sykkel er ein smal idrett, det må vi berre erkjenna!
Fredag var det 1000 meter på bane på Fana stadion, ingen velodrom altså, men ein aller så liten følelse av banesykling var det nok likevel. To starter samtidig, ein på kvar langside og så var det å tråkka til med alt ein hadde gjennom 2 ½ runde. For Tore Andre sin del så blei det ikkje heilt fullklaff, kluss med gir ga for tung utveksling, men han var likevel berre halvanna sekund frå tredjeplassen og kun 7,5 sek. frå vinnaren, så her hadde det vore gode mulegheiter for eit topp resultat om det tekniske hadde klaffa.
Laurdag stod tempo på programmet. Starten gjekk på Rong og ein bra motvind møtte syklistane dei første kilometrane, mange var nok glade for å kunne venda ved halvegs distanse, tilbake mot mål gjekk det nemleg fort i medvinden.
I klassen M10 fekk Niklas Olsvoll ein flott 2.plass, og sykla sine 5 km på tida 09.20 – 30 sek, bak vinnaren. I klassen M11-12 var distansen dobla, og desse fekk då oppleva at Øygarden kan vera ein tung opplevelse på sykkelsetet! Tore Andre gjorde det endå betre enn dagen før og fekk ein tredjeplass i sin klasse – også her veldig nære eit steg opp med 2 sek bak 2.plassen!
Søndag var det fellesstart på programmet med start og målgang på Kokstad. Dei minste klassane starta saman, og følelsen av å kjøra i felt var nok spanande for våre to som ikkje har særleg med erfaring frå dette. Med ei rundløype på 4,5 km gjennomførte M10 klassen sine 9 km. Niklas hadde eit uhell undervegs, men fullførte og blei nr. 4. For Tore Andre så blei nok dagen langt tyngre etter laurdagens opptur. Å leggja seg på halen er skummelt i felt, og desse minste som har vore ute ein vinterdag før visste korleis dei skulle kvitta seg med unødig last i bakkane! Ein 8.plass etter 3 runder og 13 km var kanskje litt skuffande, men beina ville ikkje meir denne dagen.
I juniorklassen stilte Daniel Rikstad Nielsen frå Nordhordland. Det blei kjørt voldsomt ut i denne klassen, og Daniel hadde ingen sjanse å følgja feltet. Dagen blei tidleg avslutta for hans del, men erfaringa er nok likevel viktig å få med seg. Å få føla på nivået kan vera tøft, men samtidig den einaste måten å finna ut kvar ein står. Forhåpentlegvis har KM gitt meirsmak for våre deltakarar, så då er det berre å leggja seg i trening og koma endå sterkare attende neste år.

Tore Andre i fint driv.
Gisle Clementsen og Anders Fanebust stod for sterke prestasjoner i KM 2008, som ble arrangert i Meland. Se artikkel i Nordhordland avis. http://www.nordhordland.no/sport/article3787086.ece



